07.01.2006

Ski...

Eg har budd heile mitt liv på vestlandet, til og med 16 år i Bergen uten å ta skade av det. (OK det var kanskje litt relativt*S*) På vestlandet kobla eg alltid ski med fjellklatring. Vi trakka opp fjellet, rann ned med knall og fall. Bratt var det og raskt gjekk det. Vi kom alltid opp på snaufjellet. Så utstyret bar preg av det. Fjellski. Digre rottefellabindinger. Stålkantar. Anorakkar. Gamasjer. Lærstøvlar. Goretex all over. Vi var klar for nordpolen etter vi hadde klatra opp fjellet.

Men så kom jeg hit. Oslomarka. Frognerseteren. Tynne ski. Treningsdresser. Kakao. Kos og tur. Skigleda steig med 95%!



Ski er no koselig. Kjekt og lærerikt. Eg går som ein krabbe, som ein krokete vinglepetter. Men eg lærer nok. Snart kan også eg gå diagonalgang, ta saftige dobbeltak og ta telemarksvinger ;)


Så om du ser ein mann i blå markadress, svett og jævlig vinglande borttetter flata så tenk sjølv på dine første skiturar. Sjå på meg og gjenopplev dei. Gi gjerne eit tips eller to. Gåteknikk og ruter osv ;) Eller berre sei hei ;)

----------------------------------------------
Mental Goalie:
The part of your brain that keeps you from saying out loud the evil / stupid thoughts that are sometimes your first response to questions or situations...